Om Norsk orgelfestival
For 20. gong kan Norsk orgelfestival ynskja velkomne til konsertar og orgelmesser, meisterklassar og førelesningar, orgelsafari og orgelstafett, sosiale og faglege samver.
Nytt av året er Landsleir for organistspirer. Der finns mange slike som veks omkring i vårt grisgrendte land. Eit samvær i denne eminente konteksten kan gi rotfeste og motivasjon til danning, utdanning og teneste for ein kyrkjeleg arbeidsmarknad som skrik etter rekruttering og fornying.
Sidan 1990 har Norsk orgelfestival tatt mål av seg til å medverka til auka interesse og engasjement for orgelmusikk og for orgelet som vårt fremste kyrkjemusikalske instrument.
Orgeltradisjon står overfor det ein med stor rett kan kalla eit paradigmeskifte. Den norske kyrkja skal snart ta i bruk nye liturgiar og ny salmebok. Her skal den tradisjonelle musikalske arven kyrkja er tildelt å forvalta leva side om side med idiom frå populærkulturen.
Norsk orgelfestival ynskjer i denne situasjon å bidra til at nye uttrykk og endra liturgiske og estetiske preferansar kan møtast slik at utfordringane kan verka fornyande på orgelkulturen. Me vil bidra med å leggja til rette for at ny salmebok og nye liturgiar kan få optimal synergieffekt slik at unge og gamle kan einast i det beste frå fortida med det gode i nåtida for det beste for framtida.
Til dette har me fått med oss gode krefter:
Gjesteprofessorar blir:
- Simon Preston, England
- Bjørn Andor Drage, Bodø
Elles medverker ei rekkje organistar:
- Nils Henrik Asheim
- Kolbein Haga
- Vidar Vikøren
- Ivan Sarajishvili
- Ole Karsten Sundlisæter
- Timothy Miller
- Ole Andreas Fevang
- Anders Eidsten Dahl
- Med fleire...
Instrumentalsolistar:
- Vegard Sandholdt (klokkespel)
- Arnfinn Berggrabb (perkusjon)
- Guro Asheim (fiolin)
- Marius Hesby (trombone)
Ensemble:
- Messingkvintett frå Stavanger symfoniorkester
- Kor frå Stavanger domkyrkje og St. Johannes-sangerne
Programmet vil vera breispektra med sterke innslag av så vel oppegåande komponistar som klassiske karar.
20-års-jubileet blir markert med omfattande innslag av bestillingsverk frå festivalens historie:
- Bjørn Kruse
- Nils Henrik Asheim
- Magnar Åm
- Timothy Miller, som stiller med eit nytt verk for orgel solo.
- Klokkenisten Terje Hadland trakterer dagleg klokkespelet i Stavanger domkyrkje
Norsk orgelfestival 2010 blir arrangert av Stavanger kyrkjelege fellesråd i samarbeid med Sandnes kyrkjelege fellesråd, med støtte frå Stavanger kommune, Bergesens Almennyttige Stiftelse, Norsk kulturråd, Rogaland fylkeskommune og Stavanger bispedømeråd. |
|
|
|
Våre sponsorar:
|
|
|