© 2010

NORSK ORGELFESTIVAL 2010

Stavanger 11. - 15. september

       

Meisterklassar

Der vil bli meisterklassar, verkstader og førelesingar med fylgjande tema:

  • Orgelmusikken i skjeringspunktet mellom postbarokk og romantikk
  • Britisk orgelkultur; eit uekte barn av det galliske og det germanske?
  • Orgelspelpraksisen i møte med endra estetiske preferansar: Orgelet og populærmusikken

Repertoaret er ope og vidtfavnande. Sidan engelsk orgelmusikks Grand Old Man, Simon Preston, er gjesteprofessor vil me oppmoda aktive deltakarar å førebu britisk orgelmusikk. Drage vil bruka delar av undervisninga til akkompagnementsimprovisasjon av populærmelodiar frå salmebøkene. Stoff vil bli utsendt på førehand. Meisterklasseaktive deltakar må oppgje repertoar ved påmelding.


Måndag 13. september, St. Johannes kyrkje, kl. 10 - 16:
Meisterklasse med Simon Preston:
Simon Preston: "Alleluyas" og dei to midtsatsane frå Edward Elgars orgelsonate, samt Bach, Mendelssohn og Schumann.


Tysdag 14. september, St. Johannes kyrkje, kl. 10 - 16:
Meisterklasse med professor Bjørn Andor Drage, Bodø:
Akkompagnementsimprovisasjon av nyare populærmelodiar frå salmeboksforslaget.
Tradisjonell orgellitteratur


Program vidare i festivalen:

Fredag 10. september

Laurdag 11. september

Sundag 12. september

Måndag 13. september

Tysdag 14. september

Onsdag 15. september

Seminar

Landsleir for orgelspirer

Festivalkunstnar


     

Våre sponsorar: